Wednesday, January 31, 2007

Tirsdag 30/1-07 Besøk hos St. Johns community centre

Vi sto opp kl halv 7, åt frokost og vart køyrd til St.Johns community centre. Senteret ligg midt i slummen i Nairobi. Vi starta dagen med presentasjon av oss sjølve,og litt informasjon om senteret. Senteret vart starta i 1957, og har 8 forskjellige program som skal hjelpe dei i slummen til eit bedre liv. Dei har frivillige som jobbar der frå både Noreg, og slummen.
Vi fekk omvisning på skulen og fekk møte mange elevar som var positive til tross for forholda dei lever i til dagleg.

Vi tok deretter turen ut i slummen saman med ungdommar som jobbar på senteret. Inntrykka var store. Forholda alle desse menneska lever i, er vanskeleg for oss å fatte. Ingen av oss var førebudd på så ekstrem fattigdom. Gatene var forsøpla, husa som var laga av leire og blikktak sto tett i tett,og nokre av toaletta som vi ser på bildet nedom her var helt ufyselige, vi observerte også de kjente "flying toilets" som Nairobi sine slummer er kjende for.

Gatene var fulle i voksne folk som prøvde å tene pengar til å overleve dagen, ved å selge diverse varer. Mange av kvinnene vaska klede i felles vassposta som St.Johns community center har vore med å organisert. Gjennom turen besøkte vi nokre av programma som senteret har sett i gong, blant anna verksted, sanitæranlegg og frisørsalong.
På slutten av turen i slummen fekk vi sjanse til å kjøpe flotte trefigurar som folk i slummen har laga. Vi handla sjiraffar, løve og andre figurar i tre.

Kl 13 var det lunsj på sentret, der alle ikkje greide å holde maten på fatet:)
Etterpå var vi med på teater,dans og synging. Vi merka fort at rytma ikkje var like god hos alle. Men kjekt var det:)
På slutten var det på tide med gruppebilde, og utdeling av gåver frå oss.


På vegen tilbake til Scriptum mission stoppa vi på eit kjøpesenter og fekk ta ut penga og snope! Dette hadde vi lengta etter sidan vi kom til Kenya:)
Resten av dagen gjekk med til bading, middag og sløving.



2 comments:

Anonymous said...

Heia! KJekt å lese om kva de har opplevd så langt! Vi her heime er inne på sidene kvar dag for å få eit glimt av alt de ser/gjer!
Håper de får det fint vidare!
Mvh Hanne og mamma!

Christian said...

Hei, eg fikk ein tips om denne siden, nyskjerrig på kor det går der nede, det er vel eit kultur sjokk å få oppleve fattigdomen på nært hold, for eit lite sukk å få sjå kor langt dei vil gå dei fattigaste for å få ein mat bit, men dere for ha det fint dere nede, kos dere masse
Christian