Etterpaa gjekk turen mot Mt.Longonot, eit stort krater midt i ein nasjonalpark. Paa lang avstand saag det ut som ein ganske grei og lett tur, men dette skulle vise seg aa vere feil. Framme med porten fekk vi utlevert ei vakt med vaapen, i tilfelle vi vart angrepne av farlege dyr.
Sola sto hogt paa himmelen, og sidan vi allereie var paa ca 2000moh, var det tungt aa gaa.
Etter vel 30min, takka Siri for seg, og ville heller tilbringe dagen med vaar gode driver Wilson. Da Siri gjekk nedover for aa moete Wilson, hoerte vi eit rop:"Wilson synger", ropte Siri. Alle oss andre lo ganske kraftig, da vi skjoente at et esel lenger nede hadde tatt i bruk sin sangstemme, og at det ikkje var Wilson. Siri og Wilson tilbrakte dagen i bilen med banan og brus, medan resten av gjengen fortsatte turen.
Da vi kom opp paa kraterkanten, var det paa tide med ei lita kjeks/noette pause. Vi la fort merke til at den kommande turen rundt krateret ikkje var so kort som vi foerst trudde.
Turen rundt krateret bydde paa mange utfordringar, baade fysisk og etter ei stund psykisk. Turen var veldig kupért, og besto blant anna av klatring paa vulkansk bergartar. Stien gjekk paa kraterkanten, den var til tider ganske smal og bratt paa begge sider. Utsikta var fantastisk.
Etter aa ha naadd det hoegaste punktet paa kraterkanten paa 2790moh, begynte uveret aa melde seg. Vi auka difor tempoet betrakteleg for aa komme oss unna uveret. Daa vi nesten hadde komt oss rundt, starta showet. Ingen av oss var forberedt paa det som skulle skje. Hagl er ikkje veldig vanleg i Kenya paa denne tida av aaret, saa det var eit lite sjokk naar vi kjende store hellstones(hagl) fraa himmelen. Vi hadde ikkje paa oss mykje kle, saa det vart mykje skriking, og hyling. Vi vart heilt totalt gjennomblaute og veldig frostige. Det var difor flott aa komme nedatt til bilen aa faa skifta om til varme kle foran mange nyfikne afrikanarar:)
Etter 1.5t biltur kom vi fram til SMCC, der vi fekk dusja oss. Deretter var det Trattroria, ein italiensk pizzaresturant midt i Nairobi. Der kosa vi oss stort med pizza og nydelege dessertar. Dette smakte fantastisk sida det var ca 14 timar sidan sist vi hadde ete.
Senga smakte ekstra godt denne kvelden:)
No comments:
Post a Comment