Då vi endelig kom oss inn i nasjonalparken, åpna vi taket på bilane vora og sto som ekte turistar hengande ut med kamera i handa:)
Det første vi fekk sjå var ein liten flokk med sjiraffar som stod rett ved vegen der vi kjørte forbi.
Rett etterpå møtte vi på en stor flokk elefantar som gjekk og åt gras. Det var både babyelefantar, voksne og sjefen i flokken! Ein skikkeli sværing:)
Det alle ville sjå var løve, så vi vart køyrande rundt lenge på leiting. Vi hadde flaksen på vår side og var ein av dei første som fann ei løvinne og ein løve liggande å sløve i graset. Dette skulle
utvikle seg til eit drama, då ein tredje løve kom, og ville kapre løvinna. Det endte med at ha
n bevisste kven so var sjefen og jaga vekk den andreløven. Alt dette skjedde 2m frå bilane vora, og vi fekk verkeleg oppleve løvebrølet på nært hald.
Etter denne litt skremmande opplevinga, tok vi fatt på leitinga etter geopard og leopard. Desse dyra er vanskelge fordi dei gøymer seg i det lange graset eller i tre. Men etter ei stund kom vi over to geopardar. Dei låg i graset, men kom i bevegelse når alle bilane kom, slik at vi fekk nokre flotte bilete av dei. Leoparden fekk vi ikkje sjå på denne turen, men det var ikkje særleg sannsynleg heller.
Andre dyr vi såg var sjakal, gaselle, dikdik, topi, bøffel, og ikkje minst flodhest. Flodhesten var det siste dyret vi såg denne dagen, før himmelen åpna seg og det hølja ned. VI var heldige som kom oss tilbake til leiren i tide, for vegane vart fulle av gjørme av regnet. Heile 5 bilar vart sittande fast og måtte vente til regna hadde slutta.
Overnattinga var spesiell, nemmelig i telt med innbygd dysj, do og senger. Etter en kjempegod middag sammen med mange andre turistar, gjekk vi sllitne og fornøgde til sengs. Det var ikkje like enkelt å få sove når tora braka høgt i fjella omkring oss.
Lørdag sto vi opp kl 0530, åt frokost, og sette oss i bilane for en ny dag i parken. Vi måtte tidleg opp, for då er sjansen størst for å sjå dyr før det blir for varmt. Vi var ikkje like heldige denne dagen, vi fekk kun sett et lite glimt av ei løvinne med 3 små babyar, men dei vart skremt vekk av alle bilane. Vi fekk sjå hyene, men dei var ganske langt vekk. Ellers fekk vi sjå elefant,sjiraffo og diverse fuglar. Klokka 1230 var det lunsj på campen, før vi tok fatt på vegen til Nairobi.
Vi var alle trøtte og slitne etter safarien, men det var vanskeleg å få sove på grunn av dei dårlege vegane.
Det var godt å komme tilbake til SMCC å legge seg i ei god seng etter en nydeleg middag.
No comments:
Post a Comment